Laurdag 8. mai minnest vi Sigbjørn Bernhoft Osa med ein konsert på Noregs musikkhøgskole kl 18.00. Hovudvekta vil vere hardingfelemusikk, men konserten vil elles spenne frå musikk av Bach til samspel med jazz og popmusikarar. Programleiar er Liv Bernhoft Osa.