Publisert: 27. June 2011
Musikkhøgskolen er den høgaste musikkutdanningsinstitusjonen i Noreg. I studiet er hovudinstrumentet det viktigaste. Ein legg stor vekt på høg kompetanse både speleteknisk og musikalsk. Musikkhøgskolen har tilbod om 4-årig bachelor- og 2-årig masterstudium i folkemusikk.
Hovudinstrument
Musikkhøgskolen har faste lærarar på dei mest vanlege instrumenta, men i prinsippet er studiet opent for alle instrument.
Hovedinstrumentlærarar
Kva gjer vi?
I tillegg til dei faste teorifaga og speletimane har studiet kvart år gjester og ulike fellesaktiviteter, til dømes med meisterklasser og slåttelæring med namn som Knut Reiersrud, Gunnar Stubseid, Jan Beitohaugen Granli, Nils Økland, Bjørn Odde, Jarnfrid Kjøk, Stian Carstensen, Ellika Frisell og Lena Willemark
Folkemusikkstudentane har også fast felleskonsert med jazzstudentane på Musikkhøgskole under namnet Hardkår. Studentar og lærarar arrangerer og julekonsert med dans kvar november/desember.
Folkemusikkfag
- Folkemusikkarrangering
- Komponering og instrumentering
- Folkemusikkhistorie
- Samspel
- Folkesang
- Dans og dansespel
Valfri fordjupning i ulike emnefag
- Musikkformidling
- Samspel
- Improvisasjon
- Administrasjon og leiing
- Pedagogikk
- Komposisjon
Kva kan du bli?
Utdanninga høver for deg som vil arbeide som frilans musikar, eller som lærar ved skolar og institusjonar.
Tidligare studentar har blitt fylkesmusikarar, leiar av folkemusikkorganisasjonar, musikkskolerektorar, pedagogar, frilansmusikarar med oppdrag frå mellom anna Rikskonsertane og Utanriksdepartementet.
Seksjonleiar for improvisert musikk, jazz- og folkemusikk er Morten Halle