Publisert: 19. May 2009
Senter for musikk og helse ved Noregs musikkhøgskole samla mange til debatt på den 6. nordiske musikkterapikonferansen “Sounding Relationships” i Aalborg frå 30. april til 3. mai.
 Deltakarar frå Senter for musikk og helse på Noregs musikkhøgskole. F.v: Gro Trondalen, Karette Stensæth, Marie Strand Skånland, Even Ruud og Lars Ole Bonde. |
Den 6. Nordiske Musikkterapikonferansen gjekk av stabelen med 250 deltakarar frå mange land – også utanfor Norden. Senter for musikk og helse hadde fått tildelt tre timar til seminar med tittelen ”Music therapy – or Music and health?”. Spørsmåla interesserte mange, for sjølv om det føregjekk mange andre konkurrerande og spennande presentasjonar, var det store lokalet fylt. Den norske deltakinga på konferansen var synleg på mange måtar. I tillegg til rundbordsdebatten gjorde fleire frå Senter for musikk og helse seg bemerka på ”Sounding Relationships”.
Aktive deltakarar
Gro Trondalen presenterte eigen forskning under paperet "Music works .. but I don't know why. BMGIM as mentoring”, i tillegg til å være paneldeltakar og kommentator på video eksempel frå musikkterapeutisk praksis fra ulike land i en lengre plenumssesjon.
Stipendiat Marie Strand Skånland hadde også ein poster med sitt prosjekt om iPod., men også praksislærarar ved master musikkterapi, Mette Thiedemann og Greta Aagre, deltok med eit veldig godt besøkt paper: ”The Child as Our Guide; - Interaction with Children with communication Disorders. Det kan nemnast at under dialogen mellom Stern og salen, var både Even Ruud og Karette Stensæth frampå med spørsmål.
Tittel frå Trondalens doktoravhandling
Ein annan kuriositet er at tittelen ”Sounding Relationships” var inspirert av førstemanuensis ved Musikkhøgskolen Gro Trondalen si doktoravhandlingstittel ”Klingende relasjoner”, noko som også førte til at direkte sitat fra hennar avhandling blei gjengitt i konferanseprogrammet.
Les meir om konferansen
Les også kva professor II ved Senter for musikk og helse og medarrangør Lars Ole Bonde skriv om sine inntrykk frå konferansen på nettsidene til Senter for musikk og helse eller Daniel Stern i dialog med musikkterapeutar via satelitt. Her finn du også forhandsomtale av konferansen og konferanseprogram med abstracts.