Publisert: 03. July 2009
Gro Marie Svidal, som er mastergradsstudent ved Noregs musikkhøgskole, blei under NM i folkemusikk på Geilo kåra til landets andre beste hardingfelespelar. I finalen møtte ho tidlegare vinnarar Olav Luksengård Mjelva og Jan Beitohaugen Granli.
NM i folkemusikk er den største konkurransen for norsk tradisjonsmusikk, og det vert tevla i solo, grupper, lag og open klasse.
I ein fullstappa Geilohall, vart finalen i solo hardingfele arrangert sist fredag. Etter ei kvalifiseringsrunde tidlegare på dagen, der 41 deltakarar var med, vart det klart at Gro Marie var einaste jente blant trekløveret som skulle konkurrere om dei beste plassane. Ho blei til slutt nr 2, slått av Jan Beitohaugen Granli. Olav Luksengård Mjelva blei nr. 3.
Gode plasseringar
Andreas Bjørkås, som nyleg avslutta kandidatstudiet ved Musikkhøgskolen, kom til finalen i solo fele. Han enda til slutt på 3. plass bak Øystein Rudi og Aslak Brimi. I kvalifiseringa var det 29 deltakarar.
Marie Forr Klåpbakken, mastergradsstudent ved Musikkhøgskulen, kom på ein solid 5. plass.
Unge Ingebjørg Bratland, som til hausten tek til på kandidatstudiet i folkemusikk, toppa den vokale klassen og markerte seg med dette som ein sterk og stilsikker utøvar.
Fleire resultat
Mange studentar/tidlegare studentar frå folkemusikklinja på Musikkhøgskolen deltek i NM i folkemusikk. Her er nokre fleire resultat.
Solo fele:
Nr 16: Mari Skeie Ljones
Nr 18: Olaug Furuseter
Nr 20: Ingvild Blæsterdalen
Solo hardingfele:
Nr 10: Andreas Bjørkås
Solo vokal:
Nr 26: Bjørn Sigurd Glorvigen