Publisert: 03. September 2009
Det blei suksess for tre studentgruppe frå Noregs musikkhøgskole då dei deltok på nattleg minifestival i Fjæreheia ved Grimstad laurdag 20. juni frå kl 22.30 til 00.30. Les førstelektor ved Musikkhøgskolen Andreas Sønning sin rapport:
Som offentleg avslutning på årets kurs i bransjekunnskap og konsertproduksjon fekk tre ensemble ein sjanse til både å lansere seg sjølv og spele i den store utearenaen Fjæreheia. Det vart mogleg etter at dei presenterte demo-innspelingar for Fjæreheias driftsselskap og hjelp av læraren deira Andreas Sønning som er godt kjend i distriktet.
Laurdag ettermiddag spilte to av gruppene på torget i Grimstad, knytt til opninga av Hamsundagane, og fikk dermed gjort PR for konserten om kvelden.
Heile prosessen i vårsemesteret har vore mest mogleg lik ein lanseringsprosess for profesjonelle gruppe.
Desse var med:
- Fiolin–gitarduoen Esther Roe og Daniel Kafkas
- Instant: jazzmusikarane Veronica Seu Stokkmo på vokal, Stian Larsen på gitar, Eiolf Ødegård på piano, Håverd Johansen på trommer og Espen Brendan Poulsen på bass
- Eplemøya songlag: vokaltrioen Liv Ulvik, Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakmoen
- Ansvarleg lærer i konsertproduksjon og produsent: Andreas Sønning
- Lydansvarleg Knut Vik
- Lysdesign Jostein Ravnberg
Arenaen er utfordrande med store flater på scenen og med fleire hundre kvadratmeter plan fjellvegg i bakgrunnen.
Bra lyd
For det første var lyden svært vellykka. Fjæreheia drift med leiarane Stine Håtuft og Sølvi Kleiva Ugland og teknikkansvarlig Stian Wærenskjold hadde som arrangør gjort eit strålande forarbeid med å rigge eit stort og skreddarsydd lyd- og lysanlegg. Med vår eigen lydmann Knut Vik på plass, ble utfordringane med store avstandar og utøvarar som bevega seg dels i bergveggen og dels på scenen, løyst til alles glede. Knut Viks faglege innsats var avgjerande for det flotte resultatet. Også dei små ensembla med fiolin/gitar og vokaltrio (som i utgangspunktet er akustiske) fylte faktisk den store arenaen og på grunn av lyset opplevdes også en intimitet midt i det storslagne.
Variert
De tre gruppene sine program sørgja for ein variert musikalsk meny med kvart sitt særpreg.
Fiolin/gitarduoen spelte briljante og stemningsfulle tangoar og latinamerikansk musikk av Astor Piazzolla, Jorge Morel og Isaac Albeniz.
Instant: jazzmusikarane spelte produksjonen. ”NO”: Norsk musikk med norsk tekst omarrangert og framført i gruppa si musikalske drakt.
Eplemøya songlag fusjonerte jazz og kveding, med trøkk, energi, humor, spenning, eksperimentell improvisasjon, forteljarkunst, tidvis rått lydbilde, tidvis stemningsfullt og underfundig.
Kvar gruppe fekk mye skryt av dei som møtte fram, kor mange av dei var frå det konsertvante publikummet i regionen. Dei vil bli anbefalt for andre festivalar.
Bru frå førebuing til praksis
Målsettinga på konsertproduksjonskurset er å bygge bru frå førebuing i studiet og over til ein profesjonell yrkessituasjon. Dette gjorde årets kull. Dei utvikla spannande produksjonar, lagde gode demoinnspelingar ved Musikkhøgskolen, klarte å kvalifisere seg for ein profesjonell kulturinstitusjon, som vidare valte å lansere dei i ein offentleg minifestival. Dette gjorde Fjæreheia for eigen kostnad, i samarbeid med Noregs musikkhøgskole som dekka det som skjedde på scenen. Vi håper dette kan gjenta seg for dei kommande kull, her og andre steder..
Andreas Sønning