Publisert: 13. October 2008
Professor Bjørn Boysen og fire av orgelstudentane ved Musikkhøgskolen har vore på eit nordisk orgelseminar på Leufstabruk i Sverige. På Leufstabruk finn ein eit av verdas flottaste barokkorgel.
 Kristina Lysiak i aksjon i meisterklasse med Ligita Sneibe på orgelet i Leufstabruk, Sveriges viktigaste historiske orgel bygd av Johan Niclas Cahman i 1728.
|
Leufstabruk var i si tid det største jernbruket i Sverige. Den gode økonomien gjorde at dei investerte i bygningar og kunst. Dette er og grunnen til at ein finn dette flotte barokkorgelet her, bygga av J. N. Cahman i 1728.
Mye av tida på seminaret blei brukt til undervisning på dette orgelet, samtidig som det og ble gitt undervisning på fleire av dei andre historiske orgla ein finn i området. Repertoaret var for det meste frå tida før og samtidig med J. S. Bach, og passet derfor godt til desse orgla.
Intensivt program
Programmet var intensivt med to meisterklasser kvar dag og konsert på kvelden i Leufstabruk kyrkje. Undervisninga gjekk føre seg i grupper kor studentane spilte etter tur, og den aktuelle læraren underviste, som på ein spilletime.
Kontakt med likesinna frå helile Norden
Mange opplevde at det var spennande og inspirerande å komme i kontakt med likesinna frå heile Norden. Blandinga av fagleg og sosialt innhald gjorde seminaret lærerikt og motiverande for både lærarar og studentar.
Prosjektet var støtta av Nordplus, og musikkutdanningsinstitusjonane i Oslo, Malmö, Göteborg, København og Helsinki var representert.
Teksten er lagt til rette for web etter ein tekst av Madelen Jostad.