Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

Stillelåt (etter Knut Ripe fra Jølster)

Gro Marie Svidal, hardingfele

Stillelåt etter Knut Ripe frå Jølster er ein av mange stillelåtar som vart nytta då brura skulle pyntast. Då skulle det vera stille i bryllupsgarden slik at fele kunne høyrast over alt i tunet.

 

Gro Marie Svidal er ein allsidig utøvar med erfaring frå musikk, dans og teater. Gjennom studie ved Ole Bull Akademiet og Noregs Musikkhøgskole har ho fordjupa seg i slåttetradisjonen frå Sunnfjord, Sogn og Voss. I tillegg leitar ho ved hjelp av improvisasjon, etter nye musikalske uttrykk og formidlingsformer og samarbeider med musikarar frå fleire sjangrar. Nokre av læremeistrane hennar har vore Sigmund Eikås, Håkon Høgemo og Bjørn Kjellemyr.

Gro Marie Svidal er kvalifisert for eliteklassen på hardingfele og kan syne til gode resultat på kappleikar. Ho har turnert for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken og er ein ettertrakta musikar med konsertar i inn og utland.

 
Prisar:
Gullharpa (1997)
Gunnar Smaadals Musikkpris (1998)
Ungdomens Musikkstipend for Sogn og Fjordane (2003)
 

Les meir om

Gro Marie Svidal

Lydopptak ved NMH lydstudio, Lindemansalen høsten 2007