KONKRESSENS
Publisert: 04. September 2006
Ordet concrescence (av latin con – saman, og crescere – veksa) vart opphavleg teke i bruk av filosofen Alfred North Whitehead. Det beteiknar ’prosessen som fører ulike eigenskapar saman til ein konkret ting i den fysiske verda’. Men Konkressens er òg namnet på eit prosjekt som den norske komponisten Lasse Thoresen har teke initiativ til, der ulike eksisterande vokale tradisjonar vert samanførte.