Publisert: 06. January 2011
Prosjekttittel: Jazzgitar og chunking. Oppstart høsten 2009
Kva er forholdet mellom innøving og utøving i jazzgitarimprovisasjon? Kva kunnskap har profesjonelle jazzgitaristar og kva gjer dei for å skaffa seg denne kompetansen? Denne avhandlinga vil prøva å gje svar på desse spørsmåla gjennom ei etnografisk studie der eit innsideperspektiv vil verta nytta for å kasta lys over chunking.
Begrepet chunking vart først introdusert av Adrian De Groot (1945), som ein måte og forstå problemløysing på, og av George A. Miller (1956) som ein måte å forklara gruppering i persepsjon og hukommelse. I improvisasjon kan chunking sjåast som små informasjonseiningar gruppert i større einingar, for eksempel akkordar, desse kan kombinerast i større, hierarkiske oppbygde system og fungera som eit mentalt lager eller bilde utøvaren hentar materiale frå i improvisasjonssituasjonen. Gjennom å forme mentale kart over større improvisasjonssegment eller chunks kan musikaren forholda seg meir effektivt til avgjerder i augneblinken, til dømes den emosjonelle delen av soloen. Prosessen vert også kalla segmentering, syntaktisk analyse (parsing) og teiknsetting (punctuation) i kognitiv vitskap.
Målet i dette prosjektet er å finne ut korleis jazz gitaristar organiserer og mentalt lagrar denne kunnskapen i øving for deretter å henta den fram i improvisasjons framføring. Sambandet mellom mentale representasjonar og automatikk vil vera sentralt i denne forskinga. Feltarbeid vil verta gjennomført i Norge og New York gjennom å vera deltakande observatør, ta timar med informantar, gjera opptak av framføringar, og intervjua hovudutøvarane.
Kontaktinformasjon:
Adresse: Columbia University, 2960 Broadway
New York, NY 10027-6902
Telefon: (917) 420 0001