Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Tri heile dagar med folkemusikk

Publisert: 05. December 2011

Frå fredag 9. til søndag 11. desember blir det for første gong arrangert folkemusikkfestival ved Noregs musikkhøgskole. Programmet spenner frå vart lyrisk hardingfelespel, til drivande dansemusikk med svingom på golvet, folkemusikkurs for barn og høgtidsstund med folkemusikk under gudstenesta i Oslo domkirke.

Folkemusikkfestival_plakat_web-Kopi.jpg

Kopi_av_host_2010_100.jpg

– Folkemusikk kan virke som et hemmelig område man ikke så lett får adgang til, men når folk får det, så får de et kick, sier professor Steinar Ofsdal, som tok bildet under et besøk av folkemusikkstudenter fra England.
 

Tri heile dagar skal fyllast med folkemusikk i mange versjonar og tradisjonar, med noko for alle generasjonar. Dei yngste er invitert til kurs for å læra feleslåttar og songar med Vegar Vårdal og Unni Løvlid.

Frå Voss kjem studentar og lærarar ved Ole Bull Akademiet og held konsert.


Internasjonalt samarbeid

Musikkhøgskolestudentar frå Estland, Litauen, Finland, Skotland, Japan, Nepal, Cuba, Spania framfører internasjonal folkemusikk.

Og alle som har med instrument er velkomne til å hiva seg med i musikken på festivalavslutninga på Café Mistral der det blir jam til langt utover søndag ettermiddag/kveld.


Program

Fredag 9. desember
Kl 12.15 – UB, Blindern
Lunsjkonsert med folkemusikarar frå Noregs musikkhøgskole

Kl 19.00 – Levinsalen
Festivalopning og konsert med studentar frå Ole Bull Akademiet

Kl 21.00 – Levinsalen
Konsert med lærarar frå Musikkhøgskolen og Ole Bull Akademiet


Laurdag 10. desember

Kl 12.00-15.30 – Foajeen og nye kantina
Folkemusikkurs for barn, ved Vegar Vårdal og Unni Løvlid

Kl 16.15 – Foajeen
Konsert med kursdeltakarane

Kl 17.00 – Levinsalen
Internasjonal folkemusikk med internasjonale studentar frå Musikkhøgskolen


Førjulsfest og dans:
Kl 19.00 – Levinsalen
Konsert med NMH-studentar og ungdom frå talentutviklingsprogrammet

Kl 21.00-24.00 – Levinsalen

Dans med musikk ved Musikkhøgskolestudentar og -lærarar

 


Søndag 11. desember

 

Kl 11.00 – Oslo Domkirke
Folkemusikkgudstjeneste med Musikkhøgskolestudentar

 

Festivalavslutning på Café Mistral, Majorstua

 

Folkemusikkstudiet ved Musikkhøgskolen
Folkemusikkstudiet ved Noregs musikkhøgskole tilbyr 4-årig bachelor-utdanning og 2-årig master eller diplomstudium i folkemusikk. Det er også eit eige talentprogram for ungdom frå vidaregåande skular.

Studiet legg vekt på utøving og det er høve til å ta pedagogikk som ein del av studiet (PPU).

Hovudfokus i studiet er norsk tradisjonsmusikk, men med instrumentet i fokus og med moglegheit til å utvikle eigne låtar og spele moderne folkemusikk. – Studentane skal først og fremst lære og høyre gamle norske tradisjonar – men like viktig er det å vere fri, vere kreative og spele saman på tvers av sjangrane, seier professor Steinar Ofsdal.


Studentar som deltek på folkemusikkfestivalen
Erlend Apneseth, Ingvild Blæsterdalen, Jose Andres Perez Castello, Jon Hjellum Brodal, Tuva Færden, Haldis Hegstad, Ingrid Andersen Heieren, Magela Herrera, Elise W. Hildrum, Sivert Holmen, Jo Einar Jansen, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Satoko Katagihara, Hans Kjorstad, Kirsti Bakken Kristiansen, Morten Kvam, Ayako Miyashita, Margit Myhr, Guro Kvifte Nesheim, Bjørn Kåre Odde, Mads Erik Odde, Katariin Raska, Alexander Aga Røynstrand, Sanskriti Shrestha, Juhani Silvola, Sarah-Jane Summers, Guoste Tamulynaite, Elise Tegnér og Liv Ulvik.

Lærarar som deltek på folkemusikkfestivalen
Arne Anderdal, Håkon Asheim, Per Sæmund Bjørkum, Jon Faukstad, Håkon Høgemo, Odd Sylvarnes Lund, Unni Løvlid, Øyonn Groven Myhren, Steinar Ofsdal, Gunnar Stubseid og Vegar Vårdal.