Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Kvalitetssikringssystemet

Publisert: 21. December 2007
Prisutdeling NOKUT 2007

2. pris til NMH Utdanningskvalitetetsprisen 2007 

 

 Kvalitetssikringssystemet skildrar korleis kvalitetsarbeidet på musikkhøgskolen skal utførast. Det vert mellom anna skildra korleis studentane vert involvert i kvalitetsarbeidet gjennom evalueringar og studentmedverknad, korleis evaluering av studieprogramma går for seg og kva statistikkar som skal samlast om studiegjennomføring, søkartal og karaktergjennomsnitt. Kvalitetssikringssystemet viser også kven som har ansvar for å fylgja opp dei ulike prosessane.


Kvalitetsarbeidet er ein kontinuerlig prosess som skal ivareta og vidareutvikle utdanningskvaliteten ved musikkhøgskolen. 
Alle universitet og høgskolar i Noreg er pålagt å ha eit kvalitetssikringssystem i fylgje  Lov om universiteter og høgskoler, § 1.6.

NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen - er eit statleg, uavhengig organ som skal kontrollere og bidra til å utvikle kvaliteten ved norske universitet, høgskolar og fagskolar. NOKUT skal evaluere og godkjenne kvalitetssikringssystemet minst kvart 6. år. Musikkhøgskolen sitt kvalitetssikringssystem vart sist godkjent av NOKUT i desember 2004 og skal gjennomgå ei ny evaluering i 2010.


 

 

 

 

Lenker
U&H-loven
NOKUT