Publisert: 11. August 2010
Antologi nr. 3 i Skriftserien frå Senter for musikk og helse kan kjøpast for NOK 100 på Norges musikkhøgskole. Tittelen er Musikk, Helse, Multifunksjonshemming.
Antologi 3 i Skriftserien frå Senter for musikk og helse er ein artikkelsamling av nordiske forfattarar som har mykje kompetanse innan feltet multifunksjonshemming. Det er på tide med ei bok om emnet, vil fleire hevde. Mange i Norge og Norden har gjennom siste 40 åra erverva lang og god kompetanse på dette området. Det spennande med denne antologien er at den utfordrar oss alle på generelle eksistensielle spørsmål som vedrører mellommenneskeleg dialog. Reaktørar er Karette Stensæth, Anne Torø Eggen, Rita Strand Frisk.
Kven har multifunksjonshemming?
"Multifunksjonshemma" er ingen enkelt diagnose, men ei overskrift på ei gruppe menneske som som oftast vil ha mange diagnosar. Som individ har den enkelte som oss alle saman ein unik personlegdom med ulik smak og interessefelt. Mange vil dessutan som alle andre menneske ha stor glede og appetitt på det som har med musikk, spel og song å gjere.
Men det som derimot tradisjonelt foreiner dei multifunksjonshemma er det som gir uhelse. Dette omfattar store og samansette funksjonsnedsettingar, samt den store, kognitive svikten som ofte opptrer i kombinasjon med bevegelses-, syns - og hørselshemming. Pga av alt dette vil mange multifunksjonshemma menneske difor ha store problem med å oppfatte og forstå det som skjer i omverda. Skadane forsterkar dessutan kvarandre og skaper store kommunikasjonsvanskar og utfordring med livsutfolding og læring. I tillegg vil epilepsi, muskel- og skjelettplager, spise- og luftvegsproblem ofte bety at dei multifunksjonshemma alltid vil trenge hjelp til alle dagleglivets aktivitetar.
Det spennande derimot er at arbeidet med multifunksjonshemma menneske og musikk og helse ser ut til å opne for nye og positive tilnærmingsmåtar som igjen kan skape spiren til andre og nye dialogformer enn det som er gjengs. Dette har gjort at fagfolk som har arbeidd med multifunksjonshemma menneske har erverva spisskompetanse på område som t.d. tidleg kommunikasjon og observasjon.
Kven jobbar med menneske med multifunksjonshemming og kvar jobbar dei?
Sidan målgruppa pregast av kompliserte og samansette behov er det ofte mange ulike fagpersonar som koplast inn. I tillegg til eit stort tal tradisjonelle helsearbeidarar som legar, sjukepleiarar, psykologar og ulike miljøterapeutar jobbar det i dag i tillegg til spesialpedagogar også mange musikkterapeutar og musikk- og helsearbeidarar.
Alle forfattarane i denne antologien er folk som har kompetanse og erfaring frå arbeid med multifunksjonshemma menneske. Dei representerer i tillegg til musikkterapeutar, spesialpedagogar, rådgivarar og psykologar. Artikkelsamlinga vil ha med mange case og forteljingar frå praksisfeltet. I denne samanhangen vil praksisfelta bl.a. representere kompetansesentra, skole og utdanning samt bustadar.
Tema
Denne antologien vil ha med artiklar som handlar om
• ansvar, moral, etikk og utfordringar i møte m multifunksjonshemma menneske
• relevante filosofiske og teoretiske perspektiv som vedrører musikk, kommunikasjon, dialog, relasjon, terapi og læring
• musikk og grunnleggjande læreføresetnader
• observasjon og bruk av video som analyseverkty
• kropp og kroppsfenomenologi
• kva som krevjast av studier for å utdanne folk mot arbeid med menneske med multifunksjonshemming
Forfattarar og overskrifter i antologiartiklane er:
Turid Horgen: Å sette seg selv i spill: Om ansvar, moral, etikk og utfordringer i møtet med barn med multifunksjonshemming
Kjersti Johansson: Kroppslig samspill i musikkterapi
Gro E. Hallan Tønsberg: Improvisasjon i et dialogisk kommunikasjonsperspektiv
Anne Torø Eggen: Felles aktivitet som læringsarena
Signe Marie Galaasen: Video som observasjons- og analyseverktøy: Å se med «mikroskop»
Ulla Holck: Supervision af novicemusikterapeuter i arbejde med børn med betydelige og varige funktionsnedsættelser
Karette Stensæth: «Å spele for livet med hjartet i halsen»: Om helse, Bakhtinsk dialog og eksistensielle overtonar i musikkterapi med barn med multifunksjonshemming
Kvar kan eg få tak i boka?
Du kan kjøpe boka ved å henvende deg direkte i resepsjonssskranken i 3. et. på Norges musikkhøgskole - eller ved å ta kontakt på sfmh@nmh.no
Boka er på 130 sider og kostar NOK 100!
Karette Stensæth, 20.12.2010