Publisert: 12. October 2011
Første aksjon i forskingsprosjektet Rhyme er gjennomført. Karette Stensæth ved Senter for musikk og helse jobbar nå saman med resten av arbeidsgruppa om å utvikle neste generasjons musikkmøblar, mens prosjektet møter stor interesse i presse og ulike fagmiljø.
 Alle design og foto: Birgitta Cappelen |
Første aksjon i Rhyme er gjennomført på Haug skole og ressurssenter. Denne hausten er forskargruppa i gong med å utvikle neste generasjon med musikkting, basert på erfaringar og uttalte krav etter den første aksjonen.
Design- og utviklingsteamet Birgitta Cappelen, Anders-Petter Andersson og Fredrik Olofsson ved Arkitektur og designhøyskolen (AHO) jobbar med dei interaksjonsmessige, kommunikative og tekniske utfordringane. Prosjektleia Jo Herstad (saman med bl.a. masterstudentar frå Inst. for informatikk ved UiO) - i tråd med visjonen frå Rhyme - utforskar mulegheiter for å utvikle Universell Utforming/Design for alle.
Even Ruud og Karette Stensæth frå Senter for musikk og helse jobbar med videoanalysar av opptaka. Dette arbeidet skal munne ut i ein artikkel som publiserast tidleg vår 2012. Her ser dei blant anna etter kva slags responskategoriar musikktinga tilbyr, dvs korleis borna grip tak i, kastar, snur, vrir, stryk etc. på musikkmøblane. I kva grad gir slike responsar mulegheiter som kan utvikle musikktinga enda meir for å fremje aktivitet og samhandling – som igjen kan gi helse?
Til eit intervju i Ballade fortel Stensæth om arbeidet med videoanalysane. Ho fortel at det kjem fram at nokre av borna som deltar i prosjektet med støtte frå gode hjelparar opplever meistring, utforskartrong, at dei kjenner overskot og blir vitaliserte gjennom aktivitet med musikktinga. Men for neste generasjon musikkting bør det kan hende vere større samsvar mellom bevegelsar og lydar. Samtidig må objekta bli meir robuste, slik at dei tåler ivrig leik.
Prosjektet møter stor interesse i presse og ulike fagmiljø. Stensæth presenterte bitar av resultatet frå videoanalysane på Teknisk museum, på Researcher’s night på forskingsdagane i september. Ho er no invitert som Keynote Speaker til den sjuande Nordiske Musikkterapi konferansen (NMTC) i juni 2012. I slutten av oktober samlast forskargruppa for bl.a. å etablere felles teorigrunnlag.
Av større hendingar i Rhyme er aksjon 2 med brukartesting, i mars 2012 på Haug skole og ressurssenter, det neste avgjerande steget.
Sjå også heimesidene til Rhyme!
Web: Marie S. Skånland/ Karette Stensæth, okt. 2011