Norges musikkhøgskole Slemdalsveien 11 P.B 5190 Majorstua 0302 Oslo Tlf: + 47 23 36 70 00 Faks: + 47 23 36 70 01 E-post: mh@nmh.no Åpningstider |
|
Aktuelle studier i Norden
Publisert: 02. June 2009
Det er no mogeleg å utdanne seg innan musikkterapifag fleire stader i Norden. Ein kan anten ta kurs eller fullføre både heil- og deltidsstudium innan musikkterapifag. Modellane til utdanningane dei ulike landa tilbyr er derimot til dels nokså ulike.
 Foto: Marie Skånland |
- I Noreg kan ein utdanne seg til musikkterapeut på Norges musikkhøgskole (NMH) og ved Universitetet i Bergen (UiB), Griegakademiet. Utdanningane har lenge samarbeidd og har relativt like modellar og studieplanar. For meir om utdanninga ved UiB, klikk her. Ved NMH i Oslo heiter det at mastergradsstudiet i musikkterapi "skal bygge videre på den kompetansen studentene har tilegnet seg i tidligere utdanning, med vekt på årsstudiet Musikk og helse eller tilsvarende utdanning" (henta frå studieplanen). Her gjeld opptak til mastergradsstudiet i musikkterapi fullført grunnutdanning av minimum tre års omfang (bachelorgrad), der årsstudiet i musikk og helse eller tilsvarande utdanning inngår. I tillegg må grunnutdanningen omfatte minst 60 studiepoeng i musikk-, helse eller pedagogiske/psykologiske fag. I Oslo må ein altså studere i 5 år til saman, medan tre av desse er knytt til musikkterapistudier. Studiet i Musikk og helse kan ein ta både på fulltid og heiltid. For meir om dette og studiene ved NMH, sjå oppslag på denne sida eller klikk her.
- Ved Aalborg Universitet i Danmark er det femårig musikkterapiutdanning, fordelt på bachlor i musikkterapi (BA 3 år) og kandidatstudie (MA 2 år) der studentane siste semesteret går inni ein form for turnus-praksis. Om denne studiemodellen heiter det : "Hvor der på bacheloruddannelsen undervises i grundlæggende færdigheder, fokuseres der på kandidatuddannelsen mere specifikt på den kliniske virkelighed, underbygget af teoretiske og forskningsmæssige færdigheder. Målet er at integrere alle tre uddannelsesspor med henblik på at udvikle din musikterapeutiske fagidentitet. For at underbygge denne proces ligger der på 9. semester en lang fuldtids praktik, hvor du under supervision fra uddannelsen indgår som musikterapeut på en behandlingsinstitution" (henta frå nettet). Slik kan studenten altså oppnå ein slags spesialisering innan eit bestemt praksisområde. Viss du vil vite meir om utdanninga i Aalborg, klikk her.
- I Sverige kan ein utdanne seg til musikkterapeut ved ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Her krevst det også grunnutdanning og frå og med studieåret 2009/2010 kan ein ta grunnutdanning i musikk og helse. Om dette kurset heiter det: "Kursen avser att ge grundläggande kunskap om hur musik kan användas i hälsofrämjande och terapeutiskt syfte genom att belysa och problematisera olika aspekter på musik och hälsa ur kulturellt, socialt, psykologiskt och biologisk perspektiv. Kursen innebär studier på halvfart under två terminer och innehåller föreläsningar, litteraturstudier med seminarier, praktiska övningar med reflektion och diskussion samt självständigt genomförd examinationsuppgift". Deretter kan ein bygge opp sin magistergrad ved å ta eitt år med profilen musikkterapi. Vil du vite meir om denne utdanninga klikk her.Ved Ingesund i Sverige kan ein studere tilnærminga "Funktionsinriktad musikterapi. Vil du vite meir om denne utdanninga, klikk her. (Alle sitat henta fra nettet.)
- I Finland finns tre institusjonar med musikkterapiutdanning: North Karelia Polytechnic, Outokumpu, Pirkanmaa Polytechnik, Tampere og ved University of Jyväskylä. Ved sistnemnde, som er den mest kjende, heiter det at "The basic approach of us is music psychotherapy – to be precise, psychodynamic music psychotherapy. However, our students may have other kind of backgrounds so that we might as well call our focus as eclective. Our curriculum consists of theory and research subjects, self-experience and clinical training. In passing, we have a well equipped music therapy training and research clinic which we are very proud of. The master’s training prepares the student for academic as well as clinical postgraduate studies. It gives additional qualification as such as well, thus improving one’s employment opportunities" (henta frå nettet). For meir om studiet i Jyväskylä, klikk her.
Vil du ha ein oversikt over alle studier verda over, klikk på denne lenka til Nordic Journal of Music Therapy!
KS, 2. juni, 2009
|
Hvem er vi på Senter for musikk og helse?
Gro Trondalen
Professor og leder for Senter for musikk og helse. Gro Trondalen 23 36 72 79 / 91 84 77 00
Even Ruud
Professor II på Norges musikkhøgskole Even Ruud 91 38 81 60
Lars Ole Bonde
Professor II på Norges musikkhøgskole Lars Ole Bonde
Karette Annie Stensæth
Førsteamanuensis og koordinator for Senter for musikk og helse Karette Stensæth 94 84 46 48
Marie Strand Skånland
Førsteamenuensis og webansvarlig for Senter for musikk og helse. Marie Strand Skånland 23 36 72 28
|