Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Musikk og helse som vitalitetsformer!

Publisert: 15. May 2009

Satelittoverførte vitalitetsformer.

Strand1.jpg

Daniel Stern i dialog med musikkterapeutar via satelitt!  

Mange deltakarar på den nordiske konferansen i musikkterapi i Aalborg blei både bekymra og skuffa då dei fekk vite at konferansens store attraksjon Dr. Daniel Stern var for sjuk til å komme. Men etter at organisasjonskomiteen i Aalborg makta å arrangere ein satelittoverført keynote-forelesing med Stern sittande i Geneve og å samtidig få til ein satelittoverført dialog mellom Stern og folk i salen, sa mange etterpå at opplevinga av å høyre den kjente utviklingspsykologen formidle sitt bodskap, kanskje ble enda sterkare enn det dei hadde forventa i utgangspunktet. Stern snakka om sine teoriar, om det han no kalla "Dynamic Events". Desse hendingane er grunnleggande for mennseka i form av det han omtaler som dei fem viktigaste ingrediensane; "movement, force, space, intention" og "time" . Rørsle er primært her. Stern uttalte vidare at den teknikken musikkterapeutar omtalar som "matching" , det at musikkterapeuten i den musikkterapeutiske improvisasjonen tilpassar seg klienten sitt uttrykk , har nær forbinding med han uttrykkjer som "affect attunement" under overskrfita intersubjektivitet. Stern kjem snart med ny bok der han tar for seg sine termar og teoriar. For meir om Stern og konferansen klikk her.  

Den norske deltakinga på konferansen var var synleg på mange måtar. I tillegg til rundbordsdebatten (sjå ev. reportasjen laga av Lars Ole Bonde på våre sider) gjorde fleire  tilsette seg bemerke på ”Sounding Relationships”.  Gro Trondalen presenterte også eigen forskning under paperet ” "Music works .. but I don't know why. BMGIM as mentoring”, i tillegg til å være paneldeltakar og kommentator på video eksempel frå musikkterapeutisk praksis fra ulike land i en lengre plenumsesjon. Stipendiat Maria Skånland hadde også ein poster med sitt prosjekt om iPod., men også praksislærerar ved master musikkterapi, Mette Thiedemann og Greta Aagre deltok med eit veldig godt besøkt paper: ”The Child as Our Guide; - Interaction with Children with communication Disorders.

Det kan nemnast at under dialogen mellom Stern og salen, var både Even Ruud og Karette Stensæth frampå med spørsmål. Ein annan kuriositet er at tittelen ”Sounding Relationships” var inspirert av førstemanuensis ved NMH Gro Trondalen si doktoravhandlingstittel ”Klingende relasjoner”, noko som også førte til at direkte sitat fra hennar avhandling blei gjengitt i konferanseprogrammet.
 

 

 

KS, 15.05.09,

for Senter for musikk og helse

Hvem er vi på Senter for musikk og helse?

   


 

Even Ruud

Professor II og leder for Senter for musikk og helse

Even Ruud

91 38 81 60

         


 


 

Gro Trondalen

Førsteamanuensis

Gro Trondalen

23 36 72 79

    


 


 

Lars Ole Bonde

Professor II

Lars Ole Bonde

     


 


 

Karette Annie Stensæth

Førsteamanuensis og koordinator for Senter for musikk og helse


Karette Stensæth


94844648