Publisert: 26. November 2008
Studier ved College of Music and Texas Center for Music and Medicine, University of North Texas (UNT), USA, avslører at mange pianistar har smerter når dei speler piano. Dei med små hender har spesifikke problem og ei løysing for desse kan kanskje vere å prøve nyvinninga ergonomisk modifisert pianoklaviatur? Karette Stensæth frå Senter for musikk og helse rapporterer.
På den nyleg avholdte konferansen i Manchester - “Music, Health and Happiness” viste presentasjonen om forsking kring pianistars helse oss eit anna fokus på forholdet mellom musikk og helse.
Pågåande studier administrert via Texas Center for Music and Medicine avdekker, og aukar også kan hende-, generelle helseproblem blant pianistar. Nye studium inkluderer to epidemologiske studier. I desse deltok 35 pianostudentar ved UNT College of music og 47 piano pedagogar rekruttert i løpet av 2006 fra konferansen Music Teachers National Association (MTNA) i Austin.
Eri Yoshimura, pianostudent og forskar ved College of Music og Texas Center for Music and Medicine, University of North Texas, USA deltar sjølv i fleire av studia på helsa til pianistar (Yoshimura, et al., 2006a; Yoshimura, et al., 2008). Her er smerter relaterte til pianospeling dokumentert gjennom metoden Visual Analoge Scales og vidare behandla som avhengige variablar i den påfølgjande statistiske analysen. Datainnsamlinga viste at 86% av studentane som gjekk på studiet for college piano major på College of Music i Texas og 91 % av piano lærarane rapporterte smerter forbunde med speling. I resultata til desse studia vert det foreslått at grunnane til helseproblema er komplekse og gjerne samansett av fleire dimensjonar og variablar. Det avhengig bl.a. av etnisitet og fysisk storleik, sosial og økonomisk støtte, kulturelle verdiar, instrument, fasilitetar, lærar, haldning (psykologisk), repertoar, fleksibilitet, generell helse, lengde og varigheit på speling samt type og lengde på oppvarming. Studia avslørte også kor store (praktiske) problem pianistar med små hender hadde for å spele store intervall og spreidde akkordar. Som ein konsekvens av desse forskingsresultata tilbyr no UNT College of Music, som er ein av dei største musikkhøgskulane i USA, pianostudentar høve til å øve og framføre på ergonomiske modifiserte piano klaviatur (”15/16 keyboard” vert dettte kalla og forminskar klaviaturet frå engelske 6,5 inches til 6 inches). Dette sjølvstendige klaviaturet, som kostar langt over 100.000 kroner, kan løftast og plasserast rett opp på eit vanleg klaviatur! Deretter kan ein spele på klaveret "som vanleg". Denne intervensjonen er særs hjelpsom for pianistar med små hender på elite nivå. Og per dags dato har tre pianistar på doktorgradsnivå, inklusivt Yoshimura sjølv, fullført sine studier ved å ty til metoden. Yoshimura fortel om si erfaring med å bruke det ergonomisk tilpassa klaviaturet at det var lite/ ingen problem å gå frå forminska til normalt klaviatur eller omvendt, og at ho fort blei van med skiftinga. For henne vart det ei lette, spesielt med ein del type musikk som var spesielt vanskeleg for henne å spele, å kunne ty til det hjelpemiddelet som denne nyvinnga er.
For vidare forsking av pianistars helse er tanken å få til samarbeidsprosjekt med research MTNA og Performing Arts Medicine Association (PAMA) for å karakterisere helsestatusen til yngre musikarar som deltar i MTNA Piano Performance Competition. Yoshimura fortalde at meininga er å få dette til ved å gå gjennom tidlegare studier på ny samtidig som den pågåande forsking vert oppretthalde. Eit formål er å førebygge helseproblem hos piano studentar ved å gjere desse forskingsresultata kjende og å tilby slike ergonomiske klaviatur.
Yoshimura, E., Paul, P.M., Aerts, C., & Chesky, K.S. (2006a). Risk factors for piano-related pain among college students. Medical Problems of Performing Artists, 21,118-125.
Yoshimura, E., Paul, P.M., Aerts, C., Fjellman, A., & Chesky, K.S. (2008). Risk factors for piano-related pain among piano teachers. Medical Problems of Performing Artists, 23, 107-113.
Karette Stensæth, 2008-11-26