Publisert: 11. January 2012
– Ein vakker og original start på året – mutters aleine, står det i ein av dei gode omtalane universitetslektor og jazzgitarist Håkon Storm-Mathisen har fått for den nye CD-en Zinober. Han presenterer CD-en i Musikkakademiet på Musikkhøgskolen mandag 16. januar kl 19.30.
Dette er også Håkon Storm-Mathisens forskingsprosjekt kor han har utforska kva slags mulegheiter som finns i å spele sologitar.
Han har brukt fleire forskjellige instrument, både akustiske og historiske elgitarar.
Publikum får høyre musikk som han sjølv har utarbeidd i prosjektperioden. Musikken har m.a. innslag av fri improvisasjon, jazz og rock.
I omtalen på www.side2.no står det: – Storm har skrevet all musikken bortsett fra avslutningslåta “Canon” ført i pennen av Antonio Caldera. Han forteller oss både gjennom komposisjonene og spillet sitt at han har en voldsom oversikt – Storm er enkelt og greit en musikant som ikke er plagsomt opptatt av sjangere. Låta “Miramis” er inspirert av gitarister som Jimmy Page, Ralph Towner og danske Mikkel Nordsø og sier noe om bredden i Storms tilnærming til musikk. Les heile omtalen.
Dagsavisen skriv: – Det må vere årets snadder både for gitarfrelste og andre, og som lærar ved Norges musikkhøgskole er Storm pedagog, og forklarar at tittelen «Scamsmacker» er etter ein superhelt den fire år gamle sonen dyrkar, framført på ein Guild F412 12 strengs gitar. Slik blir du oppdatert både på låtens opphav og strengeleiken han blir framført på, eit føredøme til oppfølging av plateutgjevarar som ikkje alltid bryr seg med å opplyse lydaren. Les heile omtalen i Dagsavisen.
Forbered deg på ei gitaroppleving utanom det vanlege!
Bill: 150/50 ( i døra)
Håkon Storm-Mathisens eigen nettside.