Publisert: 01. May 2011
Torsdag 5. mai kl 19.30 framfører studentar og lærarar ved Musikkhøgskolen en konsertversjon av Greven av Monte Cristo etter den kjende romanen av Alexandre Dumas i Levinsalen. Komponist og førsteamanuensis i satslære Kjell Habbestad har skrevet libretto og musikk, og sangprofessor Håkan Hagegård står for innstudering og regi.
 Greven av Monte Cristo spelt av Gérard Depardieu i ein TV-versjon.
 Kjell Habbestad har skrive librettoen og komponert musikken til Greven av Monte Cristo.
 Håkan Hagegård står for innstudering og regi. |
– Greven av Monte Cristo er eit prosjekt eg har hatt som ein 'hobby' ganske lenge. Det tok til med at eg las romanen 2-3 gonger som barn, og har seinare alltid hatt ein barnleg fascinasjon for historien. Under eit besøk i Moster Amfi, Bømlo i 2004, der dei sette opp Les Miserables, kom idéen om at Greven av Monte Cristo burde kunna fungera som eit storslagent sujett for ein tilsvarande scene eller andre oppsetjingar, fortel Kjell Habbestad.
Ein av verdas mest leste eventyrromanar
Greven av Monte Cristo er ein roman av den franske forfattaren Alexandre Dumas d.e., først publisert i 1845-46 som føljetong i den franske avisa Journal des débats. Den er ein av verdas mest leste eventyrromanar. Romanen utspelar sig i Frankrike i tida etter den franske revolusjonen, i åra mellom 1814 og 1838. Napoleon er sett i forvaring på Elba, men kjem att under dei hundre dagane, berre for å lida eit nytt og definitivt nederlag.
Historien er i korte trekk denne: Den uskuldig dømde Edmond Dantès, som har site i fengsel i 14 år lukkast med å flykte frå fengslet. Ein abbed han traff der har innan sin død avslørt at det skal finnast ein skatt på øya Monte Cristo. Edmond Dantès finn skatten og utnemner seg til greve av øya. Han gjer til si livsoppgåve å hemne dei som fekk han uskuldig fengsla, men og å løne dei som har gjort han godt.
Libretto frå mange kjelder
Kjell Habbestad fortel at han tok tak i bøkene, urteksten, ulike norske omsetjingar, Bokklubbens forkorta versjon for barn, Illustrerte Klassikere sin versjon etc, for å sjå korleis ein lang og omfattande historie på ulike vis kunne komprimerast.
– Utgangspunktet var ca 950 sider, librettoen bør ikkje vere på mykje meir enn 60-80 sider. Etter å ha kasta ein heil del personar og scenar ja, heile kapitel (persongalleriet er nok framleis alt for stort) og gjennom mange prosessar utforma ein libretto, gjekk eg i gang med å lage songtekstar baserte på urteksten (der handlinga for eit augeblikk stoppar opp, og ein får innblikk i rollehavarens tankar og sinn.
Klassisk opera-musikal
– Ei viktig vurdering har vore korvidt verket skal vere enkeltsongar med talt dialog eller gjennomkomponert, om det skal framstå i opera- eller musikaldrakt etc. Resultatet er i dag enkeltsongar med talt dialog, og tonespråket er blitt ein slags klassisk, eller opera-musikal, som førebels berre føreligg i klaveruttog-utgåve. Til saman tel verket 24 solosongar inkludert enkelte duettar - og 12 korsongar. Dei sistnemnde får me ikkje høve til å høyre i denne presentasjonen.
Engelsk attdikting
– Undervegs i komponeringa tok eg kontakt med min gode ven William H. Halverson frå Minneapolis, som gjorde fortløpande og førsteklasses engelsk attdikting av alle tekstar.
Brukt teksten i undervisninga
– Håkan Hagegård, som hadde fått høyra om kva eg heldt på med, tente på ideen og spurde om han kunne bruka det i ein prosjektfase for song-masterstudentane og presentere det i konsert- eller semi-scenisk versjon. Eg såg på dette som eit stort høve til å få alle songane fram i lyset, sungne av ulike karakterar og stemmefag, og ein fin utprøvings- eller workshop-fase for prosjektet. Verket blir, for (via opptak) å kunna kommunisera med ein utanlandsk marknad, her presentert i den engelske versjonen, avsluttar Kjell Habbestad.
På bakveggen blir det projisert illustrasjonar i form av gamle koparstikk frå dei ulike utgåvene av boka. Det blir òg gjeve ein kort synopsis mellom kvar song for å føra handlinga vidare.
Mange innvolverte
Elleve songarar, tre pianistar, komponisten Kjell Habbestad, lys- og lydteknikar samt Håkan Hagegård er involverte i prosjektet Greven av Monte Cristo.
Sjå rolleliste og detaljar i arrangementkalenderen.