Publisert: 12. August 2010
Senter for musikk og helse ved Noregs musikkhøgskole har fått kr 750 000 frå NordForsk til å arrangere forskaropplæringsseminar. Tildelinga inneber ei unik muligheit til å styrke forskeropplæringa ved Musikkhøgskolen, samt styrke det nordiske forskarsamarbeidet innan musikk og helse.
 Illustrasjon: NordForsk |
Forskaropplæringsseminara skal vere for deltakarane i Nordic Network for Research in Music, Culture and Health - eit nettverk som blei starta under den nordiske konferansen på Musikkhøgskolen i januar 2010.
Nettverket har no kr 250 000 både i 2011, 2012, 2013 til å samle nordiske doktorgradskandidatar og deira rettleiarar rundt tema som har med musikk, kultur og/eller helse å gjere. Professor Even Ruud ved Senter for musikk og helse, som tok initiativet til forskarnettverket, er prosjektleiar.
NordForsk er eit nordisk organ med ansvar for samarbeidet om forsking og forskarutdanning i Norden.
Les meir på sidene til Senter for musikk og helse.