Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Musikkhøgskolen dratt inn i folkemusikkdebatt

Publisert: 03. August 2010

I siste nummer av bladet Folkemusikk gjekk skribent Erling Fossen i kronikken ”Spellemenn og andre buskvekster” ut mot norsk folkemusikk og hevda fornying berre kjem frå elevar frå Musikkhøgskolen. Kronikken har skapt nokre bølgjer i sommar-Noreg med oppfølgingsintervju i Klassekampen og oppsummering i Ballade.

Andreas_Skeie_ljones.jpg

Andreas Skeie Ljones. Foto: Folkemusikk.no


Erling_Fossen_f_Ulf_Larsen.bmp

Erling Fossen. Foto Ulf Larsen


Hilde_Bjorkum_f.jpg

Hilde Bjørkum. Foto: Førdefestivalen

-Hvordan skal folkemusikken vinne prinsessa og hele kongeriket? Er det kun selvlærte felesvingere med lokalsamfunnets brakkvann paret med dårlig brennevin i blodårene som kan kalle seg ekte spellemenn?, spør han. 

Reagerer på ein samtale på YouTube
Utgangspunktet for kronikken er klippet "En moderne spelemann" - pilot (2008) på YouTube med tidlegare musikkhøgskolestudent Andreas Skeie Ljones, og ein kommentar der Ljones blir kalla for prostituert av ein spelemann frå Gudbrandsdalen fordi han har dratt til byen for å studere musikk. 

Syndens pøl: Musikkhøgskolen
-For mørkemennene er selve Sodoma og Gomorra å finne i Oslo. Som styreleder i den gamle hederskronede fotballklubben Frigg holder jeg hus bare 100 meter fra det selvlærte spellemenn fra østenfor sol og vestenfor måne kaller for syndens pøl, nemlig Musikkhøgskolen. Det er her i den mest IQ-tette delen av Norge at musikkstudentene henger og klekker ut bandnavn som Majorstuen og Valkyrien Allstars. Det er også her Ljones er besudlet. Og de fleste gutta i Kvarts. Nesten alt som er nyskapende innenfor folkemusikken, kommer herfra, fra studenter på Musikkhøgskolen, skriv Fossen.

Les meir om folkemusikkstudiet på Noregs musikkhøgskole.

Les heile kronikken i Folkemusikk


- Fossen skyt over mål
Dagleg leiar for Riksscenen for folkemusikk, Jan Lothe Eriksen hevdar i Klassekampen at Fossen skyt over mål, men helser debatten velkommen: - Det er flott at debatten om tradisjon og fornying i folkemusikken blir ført ut i det offentlege rommet. Trass i at skiljelinene går litt annleis og er meir nyanserte enn det Fossen strekar opp, er ikkje problemstillinga ny for folkemusikkmiljøet, seier han.

Eriksen får støtte av Hilde Bjørkum, direktør for den internasjonale Førdefestivalen. Til same avis seier ho: - Motseiinga «tradisjonalist frå bygda» kontra «fornyar frå byen» er så oppkonstruert og overforenkla at det gir eit heilt feilaktig bilete av røyndommen. (..) - Folkemusikkmiljøet har vel aldri vore meir ope og inkluderande enn det er i dag. Erling Fossen må gjerne ta seg ein tur til småbyen Førde for å høyra sjølv.

Les heile artikkelen ” Medieskapte mørkemenn” i Klassekampen.

Ballade oppsummerar debatten i en artikkel av Ida Habbestad.