Publisert: 07. October 2011
Musikkhøgskolen er ein av landets største konsertarrangørar med om lag 300 konsertar i året. Mange av konsertane blir delt inn i konsertserier for å gjer det lettare for publikum å finne fram. Konsertane er viktige presentasjons- og utforskingsarenaer for tilsette og studentar, og for publikum ein levande scene for opplevingar og kunnskap.
 Foto: Eva Brænd. |
No gjer vi det enklare for deg å finne fram til akkurat den konsertopplevinga du helst vil ha, og det er lettare å sjå om det er studentar eller lærarar som er i elden:
MUSIKKAKADEMIET
Dette er hovudarenaen for dei tilsette sine konsertar. I serien MUSIKKAKADEMIET gir nokre av Noregs beste musikarar deg ei unik mulegheit til å ta temperaturen på musikken og sjå heilskap, samanheng og detaljar. Opplev dei eksperimenterande stipendiatane, dei samspelte kammermusikarane og dei gripande solokonsertane. Konsertane er på måndagar.
MUSIKKLASSANE
Mykje av instrumentalundervisninga følgjer meistertradisjonen, og i serien MUSIKKLASSANE vil lærarar og deira grupper av studentar presentere sentrale verk innan sine instrument. Her kan du oppleve rettleiing og nærgåande spørsmål om tolking, teknikk og estetikk. Konsertane er på tysdagar.
DEI UNGE MUSIKARANE
I denne serien opplever du master- og diplomstudentar utfolde seg. Dei beste unge musikktalenta vil gi deg ferske tolkingar av m.a. det klassiske standardrepertoaret eller det nye og eksperimenterande. Høyr gjennomarbeidde studentprosjekt på tvers av sjangrar eller ver blant dei første som får høyre komposisjonane til morgondagens komponistar.
MUSIKKBAREN
På vår nyaste konsertscene, i kafeen i 1. etasje, serverer vi konsertar i eit enkelt format. I MUSIKKBAREN vil du kunne høyre tradlåtar eller nyskriven jazzmusikk, kammergrupper eller klassiske soloinnslag.
MUSIKKENSEMBLA
Fredag er konsertdagen for dei store ensembla og musikkprosjekta. Samspel er viktig for utdanninga av musikarar, og Musikkhøgskolen har fleire større ensemble. To av dei er studentdrivne.
Det største ensemblet på Musikkhøgskolen er symfoniorkesteret med vel 70 musikarar. Musikkhøgskolens symfoniorkester har fire prosjektveker i året med påfølgjande konsertar og blir leia både av skolens eigne professorar og gjestedirigentar, og ofte med diplomstudentar som solistar.
Musikkhøgskolens Sinfonietta er høgskolens ensemble for samtidsmusikk. Orkesteret spelar musikk av komposisjonsstudentar og verk av norske og internasjonale komponistar i vår tid.
Musikkhøgskolens storband består i hovedsak av lærere og elever under ledelse av Geir Lysne. Storbandet har allerede markert seg med internasjonale gjester, urframføringer av skolens egne jazzkomponister, samt prosjekter med andre miljøer på Musikkhøgskolen.
Elles kan studentane engasjere seg i Musikkhøgskolens brassband, Musikkhøgskolens kammerorkester, Musikkhøgskolens kammerkor eller Intuitive People – studentar frå kurset Improvisasjonsbasert samtidsmusikk.
Av dei studentdrivne ensembla finn vi Christiania blåseensemble, eit janitsjarorkester som blei starta opp av eldsjeler for to år sida. Blåseensemblet har ambisjonar om å hevde seg i den norske korpseliten. Kammerorkesteret Ensemble Allegria er eit ungt og friskt initiativ frå Musikkhøgskolen og Barratt Due musikkinstitutt. Kammerorkesteret fekk i vår strålande avisomtale etter konsertar under Festpela i Bergen.
Kammermusikk
Eit satsingsområde for Musikkhøgskolen er kammermusikk. I fjor var over 100 kammergrupper på tvers av sjanger i sving på høgskolen. Kvifor er kammermusikk viktig i musikkutdanninga?: – Kammermusikalsk innstilling er å vere årvaken, å lytte til medspelarar, vere interessert i dei og ha ei inviterande haldning, seier Are Sandbakken, som er primus motor for kammermusikkveka