Publisert: 03. May 2010
Laurdag 8. mai minnest vi Sigbjørn Bernhoft Osa med ein konsert på Noregs musikkhøgskole kl 18.00. Hovudvekta vil vere hardingfelemusikk, men konserten vil elles spenne frå klassisk musikk av Bach til samspel med jazz og popmusikarar. Programleiar er Liv Bernhoft Osa.
Studentane på folkemusikkstudiet ved Musikkhøgskolen er hovudaktørar. Men vi ønskjer å presentere mange av dei ulike sidene ved spelemannen, fiolinisten og nyskaparen Sigbjørn Bernhoft Osa, så konserten vil ha innslag der og studentar frå studieretningar innan jazz og klassisk medverkar.
Sigbjørn Bernhoft Osa var den mest kjende spelemannen i Noreg på 1900-talet, slik som Myllarguten var det på 1800-talet. Han var fødd 100 år etter vår største fiolinist nokon sinne, Ole Bull, og kom til verda same dagen som Bjørnstjerne Bjørnsson vart gravlagd. 3. mai 1910 vart Sigbjørn Bernhoft Osa fødd i Ulvik, Hardanger.
Folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole ønskjer å markere 100-årsminnet med ein konsert.
Programmet for konserten.