Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Siste hand på Tellefsens komplette klavermusikk

Publisert: 20. December 2009

Torsdag 7. januar kl 14.00 presenterer kunststipendiat Natalia Strelchenko sin siste CD med klaververka til Thomas Tellefsen. I stipendiatprosjektet har Strelchenko gjennomført ei komplett innspeling av Thomas Tellefsens klaververk.

NS

thomas_tellefsen.jpg

Thomas Tellefsen (1823-1874).

Thomas Tellefsen blei fødd i 1823 i Trondheim. Tellefsen var elev av Chopin og blei berømt for framføringa av verka hans. Tellefsen ble sett på som Chopins arvtakar og var i samtida Noregs mest berømde musikar internasjonalt ved sida av Ole Bull.

Strelchenkos innspeling er gjort både på historiske tangentinstrument (Graf, Erard, Broadwood) og på moderne Steinwayflygel.

Saman med sjølve innspelinga følgjer ein kommentarbok på ca 100 sider, skrive av Strelchenko sjølv. Der redegjør ho for interpretatoriske og tekniske val og utfordringar knytt til framføringa av verka til Tellefsen på dei historiske instrumenta.

Vel møtt til Forum for FoU torsdag 7. januar kl 14 i Musikkhøgskolens ”nye kantine” (139).

Les meir om Natalia Strelchenkos stipendiatprosjekt.
Les meir om Thomas Tellefsen.