Publisert: 19. August 2009
80 ferske studentar ved Noregs musikkhøgskole blir utfordra gjennom ein workshop til å skape stadspesifikk lyd på Karl Johans gate torsdag 20. august frå klokka 13 mellom Egertoget og Oslo S. Noko av formålet med denne oppstarten er å utfordre studentane sine idear og oppfatningar om kva musikk er og kan vere.
 Første skoledag for nye studentar på Noregs musikkhøgskole.
|
Midt i valkampinnspurten er målet å drive oppsøkande publikumsarbeid og å undersøke musikk og kontekst i Noregs kulturelle (Nationaltheatret), politiske (Stortinget), akademiske (Universitetet), symbolske (Slottet), religiøse (Domkyrkja) og kommersielle (shopping) sentrum.
Sjå opp for mogleg demonstrasjonstog, butikkmusikk og statsfinansierte gatemusikantar...
Workshopen starta på studentanes første dag på Musikkhøgskolen med ei framføring av eit stykke i Majorstukrysset. Stykket består i at musikarane er plassert på stolar som eit publikum, og at "musikken" er lyden som blir skapt i omgjevnadene – bilar, trikk, fotgjengarar, fuglar, gatemusikantar, vær & vind, osv.
Musikarane spelte altså ikkje sjølv. Dei forbipasserande opplevde ein gruppe menneske sittande på stoler plassert i konsertsaloppsett. Det heile tok ca 20 minutt. Framføringa bygde på idear henta frå den tyske komponisten Peter Ablinger.
Prosjektet er eit samarbeid med ensemblet NING og festivalen Happy Nordic Music Days.