Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

 

Åpningstider
 

Besøk av Krzysztof Penderecki

Publisert: 14. January 2009

Den verdskjende komponisten Krzysztof Penderecki vil dirigere, undervise og formidle til studentane om sverka ine under ei prosjektveke ved Noregs musikkhøgskole i januar. 

Krzysztof Penderecki

Bamberg, März 1997
Foto: Schott-Archiv/ Katharina Freiberger


Ultima orkester 11. okt.jpg

Krzysztof Penderecki er ein av verdas mest kjende nolevande komponistar.  I yngre år var han ein innovatør innanfor vestleg samtidsmusikk, blant anna med eit nytt notasjonssystem. Med Pendereckis bruk av ein meir konvensjonell, lyrisk musikkstil etter 1975, har det seinere utfordra ein heil generasjon komponistar og deira syn på samtidsmusikkens vesen og funksjon. Derav er han av nokon av noen karakterisert som den fråfalne revolusjonære avantgardist.

I dag nyt han en unik posisjon innanfor den vestlege kunstmusikken, 76 år gamal. Musikkstilen hans har påvirka ein heil generasjon komponistar, koristar og orkestermusikarar, men det er som dirigent han kjem til Musikkhøgskolen.

Matz Pettersen, leiar av orkesterkomiteen, fortel kvifor NMH har invitert meisteren:

– Vi har invitert Penderecki slik at studentene får møte ein av verdas største noevende komponistar, som sjølv er genuint oppteke av formidling til yngre generasjonar. Gjennom Pendereckis innstudering i prosjektveka  får den neste generasjon musikarar kjennskap og direkte tilgang til hans storslagne orkester- og kormusikk. Studentar og publikum vil oppleve verk med Pendereckis banebrytande notasjonsformer og seinere verk som vender tilbake til tradisjonell notasjonsform, seier Pettersen.
 

Ein av polens mest markante komponistar

Pendereckis musikk er knytt til Polens nære historie og derigjennom framstår han som ein av nasjonens mest markante komponistar i etterkrigstida. Mange av dei kyrkjemusikalske verka hans er inspirert av tradisjonelle folketoner og påvirka av ein katolsk kyrkjemusikalsk tradisjon. Dermed ble musikken hans samlande i den turbulente perioden med kyrkja og fagbevegelsens kamp mot det kommunistiske regimet på 1970- og 80-talet.

–  Det er ei stor begivenheit at Penderecki kjem og vi ser med forventning fram til å oppleve han dirigere eigne verk, seier rektor ved Noregs musikkhøgskole Eirik Birkeland.

I prosjektveka ved Musikkhøgskolen skal Krzysztof Penderecki innstudere verka heile veka og dirigere eit stort, samansett orkester av Musikkhøgskolens symfoniorkester og Barratt Dues symfoniorkester, i konsertserien Bylyder. Dirigentstudenten Jan-Erik Hybertsen skal dirigerer verket Agnus Dei.

Kammerkonsert til meisterens ære

Kammerkonserten torsdag 22/1 kl 19.30 er via musikk av Pederecki. Han vil og få høve til å møte både kor og dirigent, samt solistar under innstuderinga til konserten. Musikkhøgskolens kammerkor under leiing av Tone Bianca Dahl har ei større avdeling med kormusikken hans, ved sida av at messingkvintetten Norbrass og nokre mindre kammergruppe speler andre verk. Penderecki skal sjølv nyte konserten frå tilskodarplass. Komponist og professor Olav Anton Thommesen er konsertvert  og skal binde konserten saman med å fortelje om Penderecki og musikken hans. Det er gratis adgang til konserten for alle.

To symfonikonsertar i serien Bylyder

Programmet til symfonikonsertane fredag og laurdag er som eit tverrsnitt gjennom Pendereckis omfattande produksjon, med følgjande verk: Agnus Dei  (1984) (med Jan-Erik Hybertsen som dirigent); Fluorescencje (1961-62);  Als Jacob erwachte (1974);  Pieśń Cherubinów (1986) (med Musikkhøgskolens kammerkor a capella og Tone Bianca Dahl som dirigent) og Symfoni nr 5 (1992). 

Billettar: Studentar kr 50, honnør kr 130 ordinær kr 170. Ansatte og studentar ved NMH som ikkje medverkar i konserten har gratis adgang og kan hente fribillett i billettsalet frå 1 time før.