Publisert: 13. January 2009
Gjennom 10 dagar i april 2010 vil Noregs musikkhøgskole, Den norske Opera & Ballett, Barratt Due musikkinstitutt og Oslo-Filharmonien vere vertskap for eit arrangement som vil trekke musikkverdens merksemd til Oslo og Noreg.
 Konkurransen ble grunnlagt av fiolinist og dirigent Yehudi Menuhin, en av de store fiolinvirtuosene i forrige århundre. Foto: Virginia Schmidt.
 Prosjektet drives fra Norges musikkhøgskole, og prosjektleder er Tone Winje. |
Gjennom hausten har det vore arbeidd med å få på plass finansieringa av Yehudi Menuhin International Music Competition.
– Vi er særs glade for å ha nådd dette målet i ei tid då pengar til kultur ikkje sitt løst verken hos offentlege eller private bidragsytarar, seier prosjektleder Tone Winje ved Noregs musikkhøgskole.
Eit springbrett
Konkurransen er verdas leiande for unge fiolinistar (10 - 22 år), og har sidan 1983 vore arrangert kvart anna år i England og Frankrike. Den er eit springbrett for unge talentar, og skal samstundes by på utviklende opplevingar for kulturskoleelevar, skoleelevar og musikkstudentar i heile landet.
Kulturell utveksling
- Det blir fokus på deltakakaranes evne til å kommunisere med publikum, og vi håpar å bidra til både musikalsk utvikleng og kulturell utveksling i samarbeid med ei rekkje sentrale aktørar innan musikkområdet. Dette blir og ein del av feiringa av 200-årsjubileet for Ole Bull, fortel Winje.
Internasjonal jury
Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika og Noregs musikkhøgskole blir hovedarenaer. Konkurransen leias av ei jury på høgste internasjonale nivå, og den avsluttande gallakonserten i Operaen blir fjernsynsoverført av NRK.
Frukter av langsiktig satsing
For Noreg er det ein stor ære og ei tillitserklæring å få Menuhin-konkurransen. Tone Winje seier at dette ikkke minst skyldast det langsiktige arbeidet dei fire vertsorganisasjonane har gjort innan opplæring, utvekling og formidling av musikk. - Satsinga har ført til eit særs høgt nivå i norsk musikkliv, med eit aukande antall unge, norske talenter, avsluttar ho.
Prosjektet blir drive frå Noregs musikkhøgskole, med rektor Eirik Birkeland som leiar av styringsgruppa.