Publisert: 13. July 2008
I samband med at musikkterapiutdanninga i Noreg feirar 30-årsjubileum 29. august, kjem ein av musikkterapiens “grand old men", Clive Robbins, til Noreg. 3. og 4. september held han kurs saman med Tom Næss og Unni Johns.
 Musikkterapiens "grand old man" Clive Robbins vitjar Musikkhøgskolen i overgangen august/september. Han skal snakke på musikkterapiutdanninga sitt 30-årsjubileum og halde to kurs. |
Clive Robbins tilhøyrer røtene i norsk musikkterapihistorie. Helt sida 1968 har han vitja Noreg ei rekkje gonger og gitt kurs. Saman med komponisten og pianisten Paul Nordoff har han hatt stor tyding for danninga av det norske musikkterapimiljøet og for den norske musikkterapiutdanninga.
Røtene til norsk musikkterapiutdanning
To av lærarane som var med å starte opp den norske musikkterapiutdanninga, Unni Johns og Tom Næss, er utdanna frå Nordoff-Robbins Music Therapy Centre i London i 1974.
Musikkterapiutdanninga i Noreg kom i gang hausten 1978 og feirar difor 30-årsjubileum i år. I samband med det er Clive Robbins, som fyller 81 år i år, invitert som gjesteførelesar og æresgjest. Han underviser stadig ved Nordoff-Robbins Center ved New York University og gir framleis førelesingar over heile verda.
Ein unik sjanse
I kjølvatnet av at Clive er invitert som æresgjest til dette jubileet, har Noregs musikkhøgskole gleda av å tilby to ettermiddagskurs med denne levende legenda. Med dei mange lyd- og videoopptak hans frå musikkterapisamarbeidet med Paul Nordoff og seinare kona si Carol Robbins, gjer han levande, på sin heilt personlige måte, kva denne sentrale forma for musikkterapi handlar om og kva ressursar den kan utløyse hos brukarane.
Underviser saman med dei tidlegare studentane sine
Det heilt unike i sambandet med dette jubileumsprogrammet er at Clive for første gong underviser saman med to av dei tidligare studentane sine, musikkterapeut og psykolog Unni Johns og musikkterapeut og førsteamanuensis Tom Næss.
Her er fortid, notid og framdrift knytt saman. Gå ikkje glipp av desse kursdagane med ein av verdas mest betydingsfulle og tonegjevande musikkterapigründerar: Dr. Clive Robbins!
Kursa med Clive Robbins er noko av etterutdanningstilbodet Noregs musikkhøgskole har hausten 2008.
Alle må melde seg på kurset ved å bruke dette påmeldingsskjemaet.
Sjå heile etterutdanningstilbodet.