Publisert: 24. October 2008
Komponisten Asbjørn Schaathun er tildelt Lindemanprisen for 2008 for tydingsfull innsats for norsk musikkliv. Fredag 31. oktober kl 18.00 blir podiet i Lindemansalen på Noregs musikkhøgskole fylt med musikarar som vil hylle prismottakaren.
 Fredag 31. oktober blir det konsert og tildeling av Lindemanprisen 2008 til Asbjørn Schaathun. |
Asbjørn Schaathun (47) er komponist og styreleiar i Norsk komponistforeining. Schaathun er og styremedlem i MIC Norsk musikkinformasjon og utdanna frå Noregs musikkhøgskole. - Eg er glad og takknemleg. Eg ser prisen som ein stadfesting på at eg har gjort noko som er riktig. Og at det framleis går an å halde på med noko som er så langsamt som det mitt komponistvirke er, seier han om tildelinga.
I følgje juryen er Schaathun ein av dei mest særprega stemmer blant norske komponistar i vår tid. Han har med stor intellektuell kraft og musikalsk leikskap skapt verk som i dag står på repertoaret til ei rekkje musikarar og ensemble, både i Noreg og Internasjonalt.
- Schaathun har vore ein føregangsfigur i arbeidet med å utvikle eit nært samarbeid mellom skapande og utøvande musikarar. Og han tok sjølv initiativet til å opprette, og i periodar leie nokre av dei mest sentrale ensembla for samtidsmusikk i Noreg, seier Einar Solbu, styreleiar i Lindemans Legat
Lindemanprisen, som er på 150 000 kroner, blir til vanleg delt ut kvart år til ein komponist, utøvar eller pedagog, som har gjort ein særskilt god innsats i norsk musikkliv. Prisen skal bidra til å fremme norsk musikkliv ved å framheve særleg framtredande musikarar si innsats.
Under arrangementet vil prisvinner Asbjørn Schaathun dele ut "De Unges Lindemanspris".