Publisert: 21. September 2007
Er det mogleg å bli kjend med ein komponist som er gløymd i dag og som levde for 250 år sidan? Ruth Solveig Steinsland har blitt ganske godt kjend med Förster, og meir om det kan du høyre på konserten i Lindemansalen onsdag 26. september kl 18.
 Utsnitt frå ein note til ein obokonsert av Christoph Förster. |
Konsertane til Förster er sentrale i doktorgradsarbeidet mitt, seier oboist og stipendiat Ruth Solveig Steinsland, som har funne ein del informasjon om den tyske barokkomponisten Christoph Förster i svenske kjelder.
Finn mykje i Sverige
- I Sverige er mykje musikk frå 1700-talet bevart i handskrift. Ting som er blitt borte andre stader kan finnest i Sverige. Noko av grunnen til det er at Sverige i mange hundre år har vore ein stormakt som orienterte seg mot det sentrale Europa, samstundes som landet ikkje har vore i krig sidan Karl XII. Sverige er ofte ein inngangsport til sentrale Europeiske komponistar, fortel Ruth Solveig Steinsland.
Förster som ein ukjend komponist ønskjer ho å sette i samanheng med andre komponistar som til dømes Vivaldi og Bach.
La det klinge!
- Eg synes det er viktig å la musikken klinge når ein forskar i musikk. Musikken må bli høyrd og spelt. Når ein gjer det, får ein ofte svar på mange spanande spørsmål. Obokonsertane hans røper til dømes at han er godt skolert i handverket komposisjon. Vidare har eg sett at han var oppteke av form og struktur og at han hadde fantasifulle melodiar, avsluttar Steinsland litt løyndomsfullt. Ho vil ikkje røpe alt som skal forteljast på onsdag.
Litt fakta om Förster
Christoph Förster blei fødd i 1693 i Merseburg i det austlege Tyskland. Han komponerte over 300 stykke, blant anna kantater, overturar, sonatar og konsertar. Han studerte italiensk, lærte tidleg å synge og spille ulike instrument, og han hadde kontakt med miljøet rundt hoffet i Dresden.
Kva er eit pilotprosjekt
Pilotprosjekt har som kjenneteikn at dei bygger på annleis idear, uttrykksmåtar og formidlingsformer. Konsertane er prega av nyskaping og nyorientering.
Program onsdag 26. september kl 18 i Lindemansalen
Christoph Förster: (1693-1745): Obokonsert i d-moll (Utan tittel – Adagio – Allegro)
Johann David Heinichen: (1683-1729):Konsert for to jakthorn i F-dur (Vivace – Arioso - Allegro )
Francesco Maria Veracini: (1690-1768): Sonata XII (Passagallo – Andante – Adagio – Ciaccona)
Christoph Förster: Obokonsert i e-moll (Allegro ma poco – Largo – Allegro Moderato)
Solistar
Obo: Ruth Solveig Steinsland
Horn: Steinar Granmo Nilsen og Frøydis Ree Wekre
Fiolin: Sigurd Imsen
Musikkhøgskolens barokkorkester
1. fiolin: Karolina Radziej, Lina Söderholtz, Irena Banjeglav, Rebecka Karlsson
2. fiolin: Aira Maria Lehtipuu, Christiane Eidsten Dahl, Hilde Sveaas
Bratsj: Aslak Wøllo Søgaard, Marsha Tønder
Cello: Gunnar Hauge
Cembalo: Lars Johansen
Fagott: Robert Rønnes
Bass: Patrick Wilder
Forteljar
Ruth Solveig Steinsland
Lys
Rolf Christian Egseth